
Se fyldige sider på www.jorundgard.no
Stjernegalleri på Jørundgard
Av: Ketil Sandviken,
GD lørdag 10. mars 2007
BALLADE: Til sommaren blir det meir enn Kristin-spel og dansefestival på Jørundgard.
Nå blir det balladenatt med eit stjernegalleri som få kan vise maken til.
SEL: - Eg har ikkje våga å summere.Øystein Ulen blir litt forfjamsa over GDs spørsmål
om kor mykje sommarens satsing kostar, men tek seg fort inn att.- Det blir i hvert fall 2,5 millionar kroner.
Nordstoga St.Hans
For det blir litt av ei ballade på Jørundgard til sommaren.
I går vart det kjent at den driftige og dristige verten på mellomaldergarden til Kristin Lavransdotter har huka Sissel Kyrkjebø
søndag 8. juli. Men det er berre ein liten del av sommarens program. Kristindagane 28. juni-1. juli og dansefestivalen 10.-15.
juli går som før,
sistnemnte utvida med ein «mimrekonsert» med Pussycats, Zoo, Banana Airlines, Unit Five og Difference og Asa Krogtoft. Her
går billettane unna, fortel Ulen. Dansegallaen tel 30 orkester.For å få fleire føter å stå på, og for å styrke breidda i dei
kunstneriske uttrykka, blir det nå utvida med fleire store konsertar. Først ute er populære Odd Nordstoga med band Sankthanskvelden
23. juni, men det nyaste nye kan blir det gjevaste i mils omkrets. Laurdag 30. juni blir det «Balladenatt» med ein av landets
største stjerner utanlands, trompetfantomet Ole Edvard Antonsen med band, operastjerne Eli Kristin Hagen og Kristiansund sinfonietta
og heilt til slutt Åge Aleksandendersen med Sambandet. Klassisk profil med rocka tilsnitt.
- Styrkar båe delar
Satsinga skjer i samarbeid med Stiftelsen Kristindagene, men det er vertskapet på Jørundgard Middelaldersenter, Rita og Øystein Ulen, som ber det økonomiske ansvaret for alt utanom Kristinspelet.- Balladenatta inneber dobbelt så stor risiko som konserten med Sissel Kyrkjebø til bortimot ein halv million kroner, men får vi eit publikum på tusen til båe desse tilstellingane skal det vel gå bra.Ulen er fullt klar over at han er prisgjeve værgudane, men har det store dansegallateltet i bakhand. Dette skal brukast til Kyrkjebø-konserten. Balladenatta og Nordstoga på St. Hans er tenkt i friluft.Balladenatta skal foregå i området mellom kyrkja og låven, her er det plass til mange tusen. Tunet er «okkupert» av friluftspelet, det let seg ikkje kombinere.
- Styret i stiftelsen meiner at eit slikt prosjekt vil styrke båe delar. På denne måten kan vi nå eit annleis og breiare publikum, seier styremedlem og kulturkonsulent Mette Josten.Det er Vidar Olaussen frå Vinstra, mangeårig utøvar i Kristinspelet som Simon Darre, som er opphavsmann til balladenatta, han hadde også ideen til høgfjellskonserten på Per Gynts-stemnet.
- Vi har leitt etter eit konsertkonsept knytt opp mot mellomalderen, på same måte som høgfjellskonserten, seier Olaussen. Ballade gjennom ulike sjangrar har vorte ein gjennomgangsmelodi.- Det kan nok ta sine år å få rotfesta dette, men balladenatta har eit enda breiare nedslagsfelt enn høgfjellskonserten som dei siste åra har trekt til seg tre tusen tilhøyrarar, seier Olaussen.

