...

Lomsk med ny Kristin-CD

 

20. august lanserer Lomsk ny CD om Kristin Lavransdotter med konsert på Jørundgard.

lomsk.jpg

Av Ketil Sandviken

ketil.sandviken@gd.no
Mobil: 901 35 460

 

SEL: Det blir ikkje friluftsteater på Jørundgard i sommar, men vår lokale superfolkrockgruppe Lomsk byr på god erstatning. 20. august blir det lanseringskonsert for nyinnspelt «Kristin Lavransdotter», ei temaplate som byggjer på den vidgjetne romantrilogien til nobelprisvinnar Sigrid Undset (1882-1949).

 

Ambisiøs amatør

- Det dukka opp ein tanke om å få ei poprockgruppe til å gjera ein annan vri for tre år sia, og i fjor tenkte eg at det ville passe å setja dette ut i livet til årets 10-årsjubileum for spelet. Det slo meg at dette måtte vera ei oppgåve for Lars Bakke og Lomsk, som tidlegare har bevist at dei kan skrive gode tekster og melodiar som byggjer på tema, seier Øystein Ulen, mangeårig primus motor og pådrivar for Kristinsatsinga på Sel og Jørundgard som fekk napp for ideen hos plateselskapet Grammofon.

 

Dette blir den tredje Kristininnspelinga. Kjetil Bjerkestrand har gjeve ut instrumentalversjon og Arild Andersen jazzplate. Med folkrockplåte får ein heile spekteret, meiner Ulen.

 

-Det har vore eit veldig forrykandebrutalt arbeidskrevjande prosjekt, seier Lars Bakke. Eg har til tider jobba beinhardt, men har heldigvis fått god hjelp av produsent Kai Løland. Alt må vera ferdigmiksa tre veker før lanseringa, og eg trur det skal gå så vidt det er, seier Lars Bakke.

 

(Utdrag fra Kjetil Sandvikens artikkel i lokalavisa GD)

 

 

...